Her finner du oss
Sogn og Fjordane Røde Kors
Sogn og Fjordane Røde Kors

Julegleder til over 230 barn

Mange barn i Sogn og Fjordane har fått  ei ekstra  juleglede denne jula. 

JULEGLEDER TIL BARN
Barn over heile fylket har fått ei ekstra juleglede denne jula. I hovudsak er det julegåver, men dei er også arrangement, som kakebaking, julefestar og romjulstur.
Ungdom ignorerer HIV-faren
Norsk ungdom ser ikkje ut til å bry seg om faren for seksuelt overførte sjukdommar. Røde Kors Ungdom fryktar at HIV-viruset får innpass i ungdomsmiljøet og oppmodar ungdom til å ta betre vare på si eiga seksuelle helse.
Vårt fylke godt representert
Landsmøtet på Gardermoen gjennomførte val på president og presidentskap fredag kveld. Sven Mollekleiv held fram som Røde Kors-president og med seg i presidentskapen har han visepresidentane Hanne-Marie Heggdal frå Stryn i Sogn og Fjordane og Svein Erik Aasen frå Nordland.
Unge lærer vit på nett
"Bruk Hue" kampanjen gir enkle og konkrete tips om korleis unge kan verne seg sjølv og hindre at personlege opplysningar og bilete blir misbrukte på nettet. Bak kampanjen står Røde Kors, Telenor, Medietilsynet og Barnevakten.
Moro med ros
Det vart eit intenst, spennande og godt NM Hjelpekorps i Førde denne helga. Vinnaren vart Oslo Røde Kors Hjelpekorps tett følgde av Hordaland og Aust Agder. Vårt eige heimelag tok ein heiderleg sjuande plass.
NM konkurransen – intens og tøff
To personar ligg ved ein velta kano ute i elva. Dette er utfordringa som møter laget frå Aust Agder. Det er NM, det er konkurranse og det er alvor.
Bøsse for Afrikas Horn
Røde Kors i Sogn og Fjordane set i gong ein innsamlingsaksjon for dei svoltråka på Afrikas Horn. Folk i dette område opplever den verste tørken på nesten 60 år.
Etter terroråtaka 22. juli
Ein kan få fysiske og psykiske reaksjonar etter ei traumatisk hending og då er det viktig å vite at dette er normalt. Røde Kors har utarbeida nokre råd til barn, unge og voksne i tida etter ei katastrofe.
Minnemarkeringar på Eid, Førde og Sandane 25. juli
Også i vårt fylke blir det arrangert minnemarkeringar i samband med terrorhandlingane på Utøya og i Oslo. Røde Kors er på ulike vis involvert i desse markeringane.
Store nedbørsmengder skapar problem
Nordfjord opplevde svært kraftig nedbør i går kveld og natt. Elvane steig kraftig og vegar vart stengde. Mange uroa innbyggarar Stryn og Hornindal melde frå til Politiet.
Betania i Stryn opnar i morgon kl. 12:00
Stryn Røde Kors melder om at det blir ope hus i Betania i morgon tysdag 26. juli frå kl 12:00. Personar frå kriseteamet vere tilstades heile tida.
Ope hus i Betania
I høve tragedien på Utøya blir det ope hus i Betania i Stryn i morgon 24. juli frå kl 13:00 og utover dagen, melder Olga J. Eikenæs Frøholm, fungerande leiar i Stryn Røde Kors.  
Førde Røde Kors opna døra i Røde Korsbygget
Førde Røde Kors var på huset nokre timar i natt for å vere i beredskap, og held oppe denne beredskapen i dag, laurdag.
Status etter terrorhandlingane
De har alle fått informasjon via media om dei uverkelege terrorhandlingane retta mot departementsbygga i Oslo, og mot AUF sin sommarleir på Utøya. Omfanget av døydde og skada er vanskeleg å fatte.
Trygg i båten
- Vi må gå saman om å auke aktsemda på sjøen og langs elver slik vi gjorde det med fjellsikkerheit på 60- og 70-tallet, oppmodar Sven Mollekleiv, president i Røde Kors
Lukka er ferie med Elias på fjorden
Redningsselskapet sin Elias-båt gjorde stor lukke på årets Ferie for Alle. Mange små matrosar fekk tøffe lukkeleg rundt i vika på Haugland med ei fast hand om rattet på Elias.
Alle Til Topps
I løpet av dei fire åra Røde Kors har delteke i Til Topps arrangementet har talet på deltakarar auka. Dette året reiste 45 personar. Det er den størst gruppa nokon gong.
Førebuingane er halve moroa
Galdhøpiggen utfordrar dei fleste og når Røde Kors inviterer asylsøkarar og busette flyktningar til å gå opp på Noregs tak, kan det vere lurt å førebu seg.
Nasjonal samling i Omsorg
”Den einaste praktiske tilknytinga vi har til framtida er barna”. Slik innleia Inge Eidsvåg, lektor og forfattar, sitt foredrag til deltakarane på nasjonal samling for distriktsråd Omsorg laurdag 21. mai.
Åsne Havnelid ny generalsekretær i Røde Kors
Landsstyret i Røde Kors har i dag tilsett Åsne Havnelid som ny generalsekretær. Ho tek til i stillinga 15. august. Åsne Havnelid er i dag administrerande direktør i Ski-VM 2011.
Beredskapsvakt – nytt frivillig alternativ
Dersom det hender noko verkeleg alvorleg i området der du bur, kan Røde Kors få kontakte deg og spørje om du kan hjelpe? Anita Hjønnevåg i Balestrand Røde Kors oppmodar til ny friviligheit.
Frigjeringsdagen 8. mai på Nordfjordeid
Tale for dagen var ved ordførar i Eid Sonja Edvardsen. Oberstløytnant Ove Staurset frå HV 11, operativt ansvarleg for Sogn og Fjordane, deltok også på markeringa. I tillegg vart det markert at Plassens Venner i desse dagar har fått sett opp historiske informasjonstavler på Plassen.
Bruk solvett i påska
Påska i år gir sjanse for uvanlig sterk sol. Det er ikkje bare til glede for vinterbleke påsketurister.
Redningsaksjonen i Balestand avslutta
Det var etter tydeleg markering frå ein av redningshundane som førte redningsmannskapet fram til den første av dei to sakna. Den omkomne vart funnen ved Flesjaelvi. Seinare på dagen fann dykkarar frå Kystvakta den andre omkomne i sjøen.
Røde Kors i gang med redningsarbeidet i Balestrand
Operativ leiar i Røde Kors, Ken Heine Bakke, melder no like før klokka tolv at Røde Kors sitt redningsmannskap får lov til å gå inn i rasområdet.  
Hektisk og hjarteleg
I hyggelege omgivnader vart Brcko-besøket avslutta på Hjørnevikbua i Florø. Frå dei kom på søndag til dei reise på onsdag var dei gjennom eit omrfattande program.
Ikkje alle barn leikar krig
Sjå for deg barn som leikar snøballkrig eller cowboy og indianar i nabolaget ditt. Uskuldig leik og moro. Førestill deg så at snøballane og krutlappane er bytt ut med handgranatar og automatgevær. Ikkje alle barn i verda leikar krig!
Olden starta kronerulling til Bosnia
Dett nokon i den stadig flaumråka elva Sava i Bosnia og Herzegovina, er det i dag liten sjans for å bli redda. Difor har Olden Raude Kross starta kronerullingsaksjon for å hjelpe lokalforeininga i det som er Sogn og Fjordane Raude kors sit samarbeidsdistrikt, med innkjøp av båt til si elveredningsteneste.
Unikt samarbeid i vårt fylke
Røde Kors og Fagforbundet i Sogn og Fjordane har gått inn i eit samarbeid om Besøksteneste. Fagforbundet sitt pensjonistutval har tilrådd medlemmane sine at dei skal gå inn i Røde Kors si besøksordning.  
Hjelpekorpskurs
Det er laga ein kurskalender for Hjelpekorpsa for vinter/vår 2011. Her vil ein også finne informasjon om helgekurset på Nesholmen. Det er eit rikhaldig program. Her er lågterskelkurs og spesialiseerte kurs for dei meir erfarne.
Røde Kors Ungdom markerer Aids-dagen
Røde Kors Ungdom i Sogn og Fjordane vil gjennomføre nokre lokale markeringar. Det er eit viktig tema dei unge gjer seg til talspersonar for. Aids-epidemien har blitt ein katastrofe i sakte film. FN meiner at så mange som 40 millionar menneske i verda, lev i dag med hiv og at så mange som 25 millionar har døydd av aids. Formålet med dagen er å formidle informasjon om epidemien og å motarbeide...
Humanitært forum
Arrangementet Humanitært forum var knytt til markeringa av 100 års dagen for Henry Dunant sin død den 30. oktober i 1910. Dag Hareide, rektor ved Nansenskolen, Utanriksminister og tidligare generalsekretær i Norges Røde Kors, Jonas Gahr Støre og President Sven Mollekleiv reflekterte over tema arven etter Dunant, humanitære utfordringar i det 21. århundre og retten til det humanitære initiativ....
Eit utfordrande søkeområde i Fjærland
Området det vart søkt etter den sakna mannen er bratt og svært ulent, ikkje ulikt utfordringane leitemannskapet møtte i aksjonen i Undredal. Det vart leita frå Fjærland og opp i 1000 meters høgde.
Hjelp frå fylket til Pakistan
Røde Kors i Sogn og Fjordane har avslutta aksjonen ”Bøsse for Pakistan”. Gjennom ”dør til dør” aksjonar, stands og utsetting av bøsser, kom det inn i overkant av ein halv million kroner. Dette er eit tilfredstillande resultat og det gir eit godt bilete på kor effektivt bøsseaksjonar er i Sogn og Fjordane.
Bøsse for Pakistan
Pakistan er eit fattig land og det trengs ein internasjonal dugnad. Det viktigaste Røde Kors og Røde Halvmåne i Pakistan gjer no er å gi mat, reint vatn, telt og medisinsk hjelp. Behovet for hjelp er enormt. Det er om lag 75 000 frivillige i Pakistan Røde Halvmåne som gjer det dei kan for å hjelpe. Enorme øydeleggingar krev ein stor innsats
Flaumkatastrofen i Pakistan
Distriktleiaren i Sogn og Fjordane Røde Kors oppmodar folk i fylket om å hjelpe flaumofra i Pakistan. Røde Kors og Pakistan Røde Halvmåne har mål om å nå ut til over to millionar menneske dei neste vekene. Mange millionar er heilt avhengig av naudhjelp for å overleve i dagane framover. Status for innsamlinga nasjonalt er no 4,3 millionar kroner.
Ein omfattande aksjon
- Alt i alt om lag 100 personar på mannskapslistene våre, seier Trygve Skjerdal, leiar i Aurland Røde Kors Hjelpekorps. Mannskapsmessig er dette ein av dei største aksjonane Aurland Røde Kors har delteke i. Foto: Arne Veum
Leitar framleis etter sakna kvinne
Leiteaksjonen er godt organisert, seier Arne Løland, hjelpekorpsa sin områdeleiar i Indre Sogn og Trygve Skjerdal, leiar i Aurland Røde Kors Hjelpekorps. - Det er det dårlege vêret gir oss problem no. - Regnet gjer det glatt og vanskeleg å ta seg fram og det er eit tøft og utfordrande terreng å leite i.
Sakna sidan måndag ettermiddag
Aurland Røde Kors Hjelpekorps er utkalla i leiteaksjon etter ei kvinne i 60 åra. Kvinna skulle gå frå Undredal sentrum til Stigen fjellgard, ein tur på 4-5 timar. Turen er krevjande og kvinna er ikkje kjent i området.
Øya 2010
Landsleir og Sentral Ungdomskonferanse i Røde Kors Ungdom var samla i eitt arrangement på Utøya i Buskerud fylke. Det deltok godt over 200 ungdommar i alderen 13-30 år og frå heile landet. Sogn og Fjordane Røde Kors sende sin største delegasjon ”ever” med sine 21 deltakarar.
Glede, sveitte og samhald
Galdhøpiggen utfordrar dei fleste, det gjorde det også for turgruppa som fredag 4. juni reiste frå Førde til Lom for å gå på Galdhøpiggen. Men når ein vil så indarleg som deltakarane frå Bergum Mottakssenter og Førde Norsksenter, så lukkast ein.
DM-Hjelpekorps i Olden
Eid Røde Kors Hjelpekorps tok førsteplassen i distriktsmeisterskapen for hjelpekorps i Olden 4. og 5. juni. Svelgen tok andre, medan Naustdal tok tredjeplassen.
Røde Korsdagen i Sogn og Fjordane
Vakkert vårvêr i heile fylket var ramma rundt Røde Kors og frigjeringsdagen 8. mai. Lokalforeiningar melder attende om vel gjennomførte tradisjonelle markeringar. Lokalforeiningar melder attende om vel gjennomførte tradisjonelle markeringar. Høyanger Røde Kors arrangerte innsamlingsaksjon. Både russen og 9. klassingane deltok.
Røde Kors Avisa i mai
Røde KorsAvisa for mai er kome ut til alle husstandar i fylket. Tema for avisa er dei største nasjonale humanitære utfordringane. I side 3 artikkelen er utfordringane lista opp og kommentert. På side 4 og 5 står historia om eit over 30 år langt løp med førsthjelpsopplæring av 10. klassingar i Gulen kommune. Våren kronikk er skriven av forskingsleiar ved Høgskulen/HF, Marit Solheim. Ho skriv om...
Informasjonssentral på Utvikefjellet
I perioden onsdag 31. mars til 5. april har Røde Kors 20 vaktstasjonar fordelt på 18 hjelpekorps. Om lag 80 frivillige mannskap er på vakt kvar dag og heile hjelpekorpsorganisasjonen er sett i beredskap.
VEL GJENNOMFØRT ÅRSMØTE PÅ SKEI
Nær 140 personar var samla til årsmøte på Skei frå fredag 19. til sønadag 21.mars. Det var eit ambisiøst program som møtte delegatar, observatørar og gjestar, men det vart likefullt eit hjerteleg og godt årsmøte. Etter separate valmøte i avdelingane, ønska ordførar i Jølster kommune Gerd Dvergsdal, årsmøtet velkomen til Skei. I talen sin sa ordføraren at ho var imponert over Røde Kors.
Eit Røde Korshjerte større enn dei fleste
Røde Kors sin ”Bry deg-pris” for 2009 vart delt ut til eidaren Børre Jakobsen. Med 40 aktive år i rørsla og ei lang merittliste har han gjort seg vel fortent til prisen. Prisen vart overrekt på Sogn og Fjordane Røde Kors sitt årsmøtet 20. mars.
Tutti fratelli februar 2010
Første nummer av medlemsbladet Tutti fratelli er sendt ut til alle tillitsvalde sine epostadressar. Alle som ikkje mottek bladet kan laste det ned frå denne nettsida. Tutti Fratelli inneheld korte informasjons meldingar og nyhende, oversikt over viktige datoar og hendingar og diverse.
Ein ekte Valentiner
- Ein ekte Valentiner gir det hjartet treng mest! Noreg er mellom dei dårlegast stilte i Europa, med omsyn til tal blodgjevarar i høve til folketalet. Røde Kors startar ein nasjonal kampanje for å verve blodgjevarar i samband med Valentinerdagen 14. februar.
Rørande rause barn
Dei ville hjelpe Haiti, skuleelevane i 1. til 4. klasse ved Eikefjord barne- og ungdomsskule. Med seks tusen kroner i ein tjukk setelbunk, kom dei til Røde Kors sine kontor i Førde. Dei hadde lov å bruke pengane på seg sjølve, men meinte at borna i Haiti trengde dei meir.
Lerum støttar jordskjelvofra i Haiti
Lerum ønskjer å støtte jordskjelvofra i Haiti gjennom Røde Kors. Beløpet på 50 000 kroner vart tysdag 26. januar overrekt Odd Erik Loftesnes, distriktstyreleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors, av Lerum sin konsernsjef Trine Lerum Hjellhaug.
Røde Kors passerer 23 millionar til jordskjelvofra
Røde Kors har nå samla inn over 23 millionar kroner til jordskjelvofra i Haiti. Endå er ikkje pengane frå den nasjonale bøsseinnsamlinga talde opp. I Sogn og Fjordane er det pr. 23. januar samla inn like over kr 830 000,- og det talet vil auke kvar dag framover. Gledeleg er også at Førde kommune støttar jordskjelvofra gjennom Røde Kors. Dei har gitt 12 000 kroner, 1 krone pr innbyggar.
RØDE KORS MOBILISERER
Røde Kors i Sogn og Fjordane har mobilisert heile organisasjonen til innsamlingsaksjon for dei jordskjelvråka på Haiti. Vi oppmodar alle Røde-Korsarar om å melde seg som bøsseberarar i lokalforeiningane.
Vil du bli ungdomsdelegat hausten 2010
Vil du vere med å styrke ungdomsarbeidet i Røde Kors? Vi søkjer unge engasjerte deltakarar til Grunnkurs i internasjonalt arbeid. Kurset kvalifiserer deg til å søkje på spennende og utfordrande oppdrag som Røde Kors Ungdomsdelegat i Nepal, Sudan eller Rwanda. Søknadsfristen er sett til 17. januar!
LEIARSAMLING PÅ SKEI
Leiarar og nestleiarar i lokalforeiningarne, råd og spesialforeiningar er invitert til leiarsamling laurdag 9. januar. Det er Distriktstyret som ønskjer å gi viktig informasjon i samla forum. Mykje nytt både i lovverk, rutinar og aktivitetar gjer ei slik samling nyttig.
TUTTI FRATELLI
Medlemsbladet Tutti fratelli for desember er sent ut til alle tillitsvalde sine epostadressar. Alle som ikkje mottek bladet kan laset det ned frå denne nettsida. Sjå lenger ned på høgre side. Tutti Fratelli inneheld korte informasjons meldingar og nyhende, oversikt over viktige datoar og hendingar og diverse.
Røde Kors Avisa for desember er ute
Desemberutgåva av Røde Kors Avisa er ute til alle husstandar i Sogn og Fjordane. Side 3 artikkelen er om Besøkstenesta sitt 60 årsjubileum og på side 4 og 5 om den nye aktiviteten i Førde Røde Kors Vitnestøtte. Kronikken er denne gangen skriven av Jorunn Ringstad og handlar om frivillig innsats.
Fortenestemedalje til sogndølen Arnor Navarsete
Ein overraska og tydeleg glad Arnor Navarsete mottok laurdag Norges Røde Kors Hjelpekorps si fortenestemedalje. President Sven Mollekleiv overrekte Navarsete medalje og diplom.
Tett og hard landsfinale
Etter nattorienteringa låg Svelgen på åttandeplass. Sterke førstehjelpsprestasjonar i ringløypa neste dag, gjorde at laget avanserte til fjerdeplass, og var nærast i kontakt med 3. plassen før alle prøver var avlagde.
Frivillig ungdom til internasjonalt prosjekt
Sogn og Fjordane har lagt grunnsteinen for eit samarbeidsprosjekt med Brcko Røde Kors i Bosnia og Herzegovina. Dette samarbeidsprosjektet vil ha ei ungdomsvinkling og me søkjer i den anledning etter 3 ungdomar som ynskjer å vere med i ei leiargruppe for dette prosjektet.
Ferske ferieminne
Sommaren er på hell, i alle fall når det gjeld Røde Kors sine humanitære ferietilbod på Haugland. No er det tid for evaluering. Deltakarar, både vaksne og barn, følgjepersonar og frivillig har gitt sine tilbakemeldingar. Det er både ros og ris å lese, men det er i all hovudsak positive og begeistra tilbakemeldingar.
Røde Kors jobbar for å avgrense smitte etter influensa-utbrot
Frivillige i Gloppen Røde Kors Hjelpekorps driv no smittevern etter at influensaviruset H1N1 var påvist ut ved nordisk 4H leir på Breim. I hovudsak er arbeidet å registrere og isolere deltakarar som har influensa-symptom.
Absolutt ferie for alle
Barnekonvensjonen av 1989 seier at alle barn har rett til å delta i leik, til kvile og fritid. Denne retten inneber at barn som lev under vaskelege økonomiske tilhøve ikkje må tape retten til å vere barn, til å leike saman med andre barn gjennom ferie- og fritidsaktivitetar. At det er muleg å gi desse barna og familiane deira slike opplevingar fekk Børge Brende sett med eigne auge.
FRIVILLIGHEITA SLEPP MOMS
Meldinga om at regjeringa har vedteke at det skal etablerast ei ordning for momsrefusjon til frivillige lag og organisasjonar, vart teke i mot med jubel av representantar frå frivilligheita i Sogn og Fjordane. Ordninga skal gjelde frå 1. januar 2010 og i potten ligg det 1,2 mrd kroner som skal attende til frivilligheita.
Med Galdhøpiggen som mål
Elevar frå Norskesenteret i Førde reiste fredag 12. juni med retning Lom for å gå saman med Noregs Røde Kors Røde Kors og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) til Galdhøpiggen. Til saman fredag og laurdag har 1000 menneske frå over 40 nasjonar samla seg for å gå til toppen av Galdhøpiggen.
Svelgen vann Hjelpekorps-DM
Nok ein gong vart Svelgen Røde Korps Hjelpekops vinnarar av meisterskapen. I alt var det sju lag frå heile Sogn og Fjordane som deltok. Laget frå Jølster Hjelpesorps tok andreplass og Naustdal Røde Kors Hjelpekorps tok tredje. Det er femte gong Svelgen representerer fylket i NM, i år er det i Tromsø.
BLI BEST NÅR DET GJELD
Nesholmen er ein viktig arena for vidareutvikling og utdanning av instruktørar og kvalifisering av operativt mannskap. For å kunne delta i aksjonar må ein har grunnkurs i førstehjelp, kunnskap og erfaring i bruk av sambandsutstyr, kart og kompass, søkemetodar, sikringsmetodar og pasienthandtering. Av grunnkursdeltakarane var 70 knytt til barmark og 25 på vatn.
Vil du bli instruktør i Røde Kors?
No har du ein sjanse til å bli ein av fleire i eit instruktørkorps. Som instruktør blir du kvalifisert til å gjennomføre Grunnmodulen for frivillige og tillitsvalde.Både instruktøropplæringa og Grunnmodulen som ein skal undervise i, er fornya og forbetra. Meir informasjon om dette kan du få på eit informasjonsmøte på Røde Korsbygget i Førde 25. mai.
RØDE KORS AVISA NR. 1 2009
Alle husstandar i Sogn og Fjordane får avisa denne veka, og vonarleg har allle omlag 42 000 hushaldningar i fylket avisa innan 8. mai - Røde Kors dagen. Tema i denne utgåva er markeringa av at det er 150 år sidan ideen om retten til eit hummnitært initiativ vart fødd. Neste utgåve kjem i desember 2009.
HJELPEKORPSET I JØLSTER MED NY REDNINGSBÅT
Torsdag ettermiddag den 26. mars synte Jølster Røde Kors Hjelpekorps fram den nye redningsbåten. Hendinga vart markert med ei felles øving med Brannvernet i kommunen. Ordførar og Rådmann var også til stades for å sjå brannvesenet sin nye Aquasaver, ein båt speisielt laga for redning av personar som flyt i vatnet eller som har gått gjennom is. Båten er ei gåve frå Hjelpekorpset.
FLOTT SERMONI RUNDT SIGNERING AV AVTALEN
Samarbeidsavtalen mellom Røde Kors og Røde Kors Nordisk United World College vert signert ved ein seremoni i Norges Røde Kors sine lokale i Hausmannsgate 7 i Oslo, onsdag 18. mars kl 13:00. Tilstades på sermoien var president i Norges Røde Kors Sven Mollekleiv, styreleiar for Røde Kors Nordisk United World College Einar Steensnæs og utviklingsdirektør Arne Osland, nestleiar i distriktsstyret,...
DEN NYE GENERALSEKRETÆREN BLIR GODT MOTTEKEN
Børge Brende har hatt permisjon frå Stortinget sidan 1. januar 2008 og arbeider i dag som managing director for World Economic Forum i Sveits med ansvar for å knyte kontaktar til regjeringar, parlamentarikarar og frivillige organisasjonar. Han har hatt en rekkje framståande politiske verv, mellom anna leiar av Unge Høyre, mangeårig stortingsrepresentant for Høgre, miljøvernminister og...
RØDE KORS OG HØGSKULEN - UNIKT SAMARBEID
Røde Kors Ungdom i Sogn og Fjordane og bachelorutdanningen i sjukepleie ved Høgskulen i Sogn og fjordane har fått til eit unikt samarbeid. Røde Kors har bruk for instruktørar til Aktivt Valg kurset. Høgskulen har bruk for eigna praksisplass til emnet helsefremjande og førebyggjande arbeid. No har dei funne saman.
ROLF ENDESTAD INN I LANDSRÅDET FOR OMSORG
Nytt Landsråd Røde Kors Omsorg blei valgt 31.01.09 og inn som nestleiar er vår eigen Rolf Endestad frå Florø. Omsorgsutvalet i Sogn og Fjordane meiner at Rolf Endestad har ein personleg og fagleg autoritet og integritet som gjer han til ein sjølvskriven kandidat til Landsråd Omsorg. Endestad er ein av sju i rådet, som blir leia av Ellen Mørch Haaland frå Oslo.
SØKJER FLEIRE RETTLEIARAR
HJELPEKORPSET treng rettleiarar og hjelperettleiarar. 24.-26. april skal Hjelpekorpset på nytt gjennomføra ei Operativ Grunnkurshelg på Nesholmen. Ein viktig suksessfaktor er å få mange nok rettleiarar, som vil gjere ein innsats med sine deltakarlag.Ta kontakt med korpsleiaren din og meld deg på som rettleiar eller hjelperettleiar til Nesholmen 2009!
GENERALSEKRETÆREN - ein nestor
Krohn-Nydal er ein nestor i organisasjonen, noko vi fekk stor glede av under møtet. Han har god oversikt over RK si utvikling og har evna til å sette prosessar og hendingar inn i nyttige perspektiv.
SAMFUNNSSIKKERHEIT OG BEREDSKAP
Norges Rødekors ved Trude Marie Nilsen og lokalt Røde Kors er aktivt med i arbeidet for å lage planar for beredskapen i samband med eit fjellskred i Storfjorden i Møre og Romsdal. Røde Kors var difor tilstades på den årelge konferansen om Samfunnsikkerheit og beredskap i Noreg, den 12. januar i Stavanger.
Humanitær dugnad i asylmottaka
Kan Røde Kors involvere meir frivilligheit i asylmottak? Vi inviterte til felles møte onsdag 17. desember i Førde. Om lag 30 personar var til stades frå kommunane som har mottak, Bremanger, Sogndal, Florø og Førde. I tillegg kom representantar frå UDI Bergen og Norges Røde Kors.
Kontakt oss

 

Postadresse:
Langebruvegen 28
6800 Førde

Besøksadresse:
Langebruvn. 28 4. et.

Sentralbord:
tlf. 05003

Fax: 57723131
E-post: 

dk.sognogfjordane
@redcross.no

 

Panto 

Les meir!

 

Opne nettside


  Rettleiing Politiattest 

Politiattest

    

 



Smittevern